Følg gruppeleiaren

Fokus på lytting

28. september 2025 Av: Åge J. Barlund
Bilde av post-it-lappar med artikulasjon

Ein metode for å skape aktiv lytting

Denne ideen dukka opp under eit seminar med Sagvåg skulekorps. Eg stod og jobba med lytting i grovmessingen då eg fekk tanken om å late ein musikant definere spelestilen, og at dei andre skulle fange opp artikulasjonen og spele på same måte. Dette førte til ei god samtale om korleis ein lyttar og tilpassar seg andre musikantar, og korleis ein som er trygg på ulike typar artikulasjon kan hjelpe andre ved å vere tydeleg sjølv.

Dette treng du

  1. Ei gruppe musikantar
  2. Post-it-lappar eller anndre små papirlappar

Slik gjer du

  1. Skriv artikulasjonane du vil jobbe med på lappar. Start gjerne med to kontrasterande artikulasjonar.
  2. Demonstrer for artikulasjonen for gruppa, sjølv eller ved hjelp av ein trygg musikant.
  3. Lat ein musikant trekke ein lapp. Hen er no gruppeleiar.
  4. Sett i gang ei skalaøving der gruppeleiaren insisterer på sin artikulasjon.
  5. Dei øvrige musikantane, som ikkje veit gjeldande artikulasjon, skal lytte og tilpasse.
  6. Lat dei sei kva artikulasjon dei skulle spele når øvinga er fullført.
  7. Gjenta ved behov.