Trekk eit kort
Ein metode for læring av notar
29. mai 2025 • Av: Åge J. Barlund
Ein leiken metode for å lære notar
Vi har alle vore der. Eleven strevar med å lære notar og vi riv oss i håret. Det fins mange innfallsvinklar til å løyse den utfordringa, og eg vil på ingen måte hevde at dette er den endelege løysinga over alle løysingar. Men den kan vere eit verkty blant mange andre i verktykassa, og kanskje det som får ein ny elev til å oppleve meistringa når notane kjem på plass.
Du treng
- Flash-cards med notar på
- Tid
Slik gjer du
- Plukk ut eit knippe notar som eleven lyt repetere.
- Trekk eit kort og sett det på stativet.
- Lat eleven sei namnet på noten høgt. - “Dette er ein C!”
- Finn rett grep/posisjon og gjenta pkt. 3
- Spel noten og sei høgt: - “Eg har spelt ein C”
- Trekk eit kort til og sett på stativet. Gjenta frå pkt. 3, med det no litt utvida utvalet notar. Det blir litt lenger sekvens for kvar gong.
- Når du har fire notar på stativet kan du vurdere å late eleven velgje bort ein tone før du trekk det neste kortet. Styr det gjerne dersom du treng det: - “C-en er perfekt kvar gong, den kan du superbra så den tek vi bort. Trekk eit nytt kort!”
- Du kan late eleven jobbe med tre-fire notar ei stund. Variasjonen kan komme av at du blandar dei aktuelle korta på nytt og set på stativet i ny rekkefølgje.
Poenget med denne øvinga Poenget er å ta notelesing ut av ei kjent ramme, ein melodi som eleven kan frå før eller spelar på gehør. Variasjon over ei lita mengde notar kombinert med å sei notenamna høgt vil forsterke koplinga mellom det musikanten ser og det hen skal spele på instrumentet.