Poteter til middag

Ein metode for aktiv lytting i korps

Wed Apr 30

Written by: Åge J. Barlund

Bilde av steikte poteter

Korps

Utvikling

Oppvarming

Lytting

Samspel

Ein metode for å invitere til lytting under oppvarming i korps

Bakgrunnen for denne metoden var ein ide om å gjenskape noko av det som skjer når musikanten får ein ny note i korpset. Musikanten veit, saman med deg (dirigenten), noko om musikken som ikkje nødvendigvis alle dei andre veit. I denne samanhengen er det rytmen som er mest interessant. Musikanten kan sjå når det er raske noteverdiar og rytmer, eller når musikken er rolegare. Eg tenkjer ofte på dei raske noteverdiane som rutenettet i musikken. Dei lange noteverdiane må forholde seg til raskare rytmer, rutenettet, for at det skal bli bra presisjon. Vi som dirigerer kan simulere dette ved å gje ulike grupper ulike rytmer under ein skalaøving. Det artar seg f.eks. slik:

“Kornettar og tromboner spelar heilnotar, resten spelar firedeler. Lytt til “motoren” – firedelene, og fokuser på lik lengd og artikulasjon.” Når musikken har byrja avsløre litt av sine rytmiske utfordringar kan ein gjenskape desse på denne måten: “horn og baryton, spel rytmen de har i takt 42 i Bb-dur natura. Resten spelar jamne åttedeler.” Denne metoden er godt skildra i Karl Ole Midtbø sin artikkel “Øvingsmetodikk i korps” i NMF sitt emnehefte Korpsdirigenten 2. Dette heftet finn du her. Vi skal framleis nytte denne metoden som ein del av verktykassa. “Poteter til middag” er eit tillegg, eller ei justering, som gjenskaper litt av lyttinga vi ynskjer når vi les musikk for aller første gong. Ved å lytte aktivt freistar vi finne dei som har det same som oss, eller noko som liknar. Og dei med lange noteverdiar freistar identifisere dei som har raskare rytmer, rutenettet som musikken er organisert etter.

Metoden:

Vi brukar påstandar som musikantane veit om seg sjølv, men som ikkje alle andre nødvendigvis veit. Påstandane skal vere av uskuldig karakter, det held at det er eit ja/nei-spørsmål eller skilje mellom to motsetnader. Det er viktig at ikkje musikantane avslører sitt svar før dei spelar. Fokuset er lytting etter dei raske noteverdiane, lik artikulasjon og lengde.

  1. Du bestemmer ein toneart. Den kan/bør vere relevant for musikken du jobbar med.
  2. Du kjem med ein påstand. “Alle som hadde poteter til middag spelar firedeler, resten spelar heilnotar. Dei som spelar firedeler freistar finne ein eller to andre musikantar med lik rytme, fokuser på lik artikulasjon. Heilnotane lyttar etter firedelene og byter tonar samstundes.”
  3. Eller “Alle som har bursdag i andre halvdel av månaden spelar åttedeler, alle andre spelar halvnotar.”
  4. Eller “Alle som har mørke sokkar spelar rytmen på tavla, resten spelar firedeler.”
  5. Eller “Alle som heiar på Liverpool (som er best) [litt buing frå meiningsmotstandarar her, det høyrer med], spelar triolar, alle andre spelar åttedeler.”
  6. Du finn på utsegn sjølv, men hugs at dei skal vere ufarlege å ta stilling til. Ja eller nei, lys eller mørk, blå skjorte eller ikkje etc. Etter tre testar i tre ulike korps dei siste vekene er mi erfaring at denne lyttinga skaper betre presisjon og klang i løpet av kort tid. Lyttinga er meir aktiv enn den er når vi delegerer oppgåvene konkret og tydeleg på førehand. Musikantane må sjølv finne sine medmusikantar i lydbildet, og vi gjenskaper litt av fokuset vi ynskjer når vi jobbar med musikken.

Lukke til!