Åge Barlund er musikar, dirigent, fotograf, lydmann, webutviklar, hobbysnekker, husbond og pappa til to. Han driv mest med musikk, og det er dette desse sidene handlar om. Barlund Musikk kan levere dirigent- og instruktørtenester til korps, grupper og enkeltpersonar som vil vekse med musikken. Mangesysling gjer at Åge Barlund òg kan levere komposisjonar eller arrangement på bestilling. Bruk i så fall kontaktskjemaet ein annan stad på desse sidene.
Åge Barlund er oppteken av at aktiv lytting skal gje musikantane ei rikare oppleving av musikken dei driv med, uansett nivå. Nokre av metodane som vert nytta kan du lese meir om i artikkelsamlinga.